I midten av juni fekk eg vera med Bente og Kjetil når dei sa ja tilkvarandre. Vielsen var i Orre gamle kyrkje, ei av dei eldste kyrkjene i landet. Me reiste så vidare til Kleppeloen, ein plass eg har hatt lyst til å ta bileter i lenge. Bente hadde sett det eg hadde tatt før og ville til den eine plassen, Hestholen. Ein plass eg ikkje hadde ant eksisterte viss det ikkje var for Ragnhild og Frode, eit tidlegare brudepar som hadde tatt meg med der tidlegare.

Det var ein flott vielse og ein kjekk fest, eg ynskjer dei lykke til videre på ferda.