Fantastisk bryllup, fantastisk dag og eit fantastisk par. Dette var ei av dei dagane då planane me hadde måtte endrast på, men resultatet vert minst like bra. Den første moglegheiten eg såg i løpet av dagen var då eg drog ein sofa hos frisøren inn i eit tomt rom. Fekk Maja til å setta seg ned og lyset som kom inn gjennom vindauget kunne ikkje ha vore betre.

Etter vigsla som var i Sandnes kyrkje så reiste me bort til Ølberg for å ta nokre bilete der. Me var ikkje der så lenge på grunn av kraftig vind, men eg veit om ein plass like ved som er i le for vinden.

Festen var på vakre Kronen Gård, der var det vakker sang, nydeleg mat og god stemning.