19 juli så fekk eg æren av å fotografera bryllupet til Ragnhild & Frode, i frå frisøren og til brudeparet forlot oss om kvelden. Det var ein flott dag, med strålande sol og eit fantastisk brudepar i godt humør.

Etter vielsen i Bryne kyrkje reiste vi sørover på Jæren og endte opp på Nærland kor jærlandskapet og nordsjøen møtes. Når tida var inne og vi var ferdige med å fotografera var det strake vegen tilbake til Bryne mølle kor festen og gjestene venta på oss.